Hagland, Jan Ragnar: Literacy i norsk seinmellomalderSeinmellomalderen har allment sett gjerne vore karakterisert som ei nedgangstid i norsk historie. Nedgangsmotivet har jamt vore framheva bde i allmennhistoriske og kulturhistoriske framstillingar av perioden mellom Svartedauden og byrjinga av eldre nytid frst p 1500 talet. Dt gjeld ogs for oppfatningar av sprsmlet om korleis det har vore med bruk av skriftsprk i perioden i vid tyding det ein i dag gjerne samanfattande omtalar som literacy ogs i
Shopping security
Each payment you make on thelockerguy is secured with strict SSL encryption and PCI DSS data protection protocols
product description
Why choose thelockerguy wholesale?
Seinmellomalderen har allment sett gjerne vore karakterisert som ei nedgangstid i norsk historie. Nedgangsmotivet har jamt vore framheva både i allmennhistoriske og kulturhistoriske framstillingar av perioden mellom Svartedauden og byrjinga av eldre nytid først på 1500-talet. Dét gjeld også for oppfatningar av spørsmålet om korleis det har vore med bruk av skriftspråk i perioden i vid tyding - det ein i dag gjerne samanfattande omtalar som ‘literacy’ også i framstillingar på norsk. Eit mørkt bilete av skriftkulturen har vore teikna, og ein nedgang i talet på lese- og skrivekunnige har vore framheva. Føreliggjande arbeid har freista sjå omatt på overlevert skriftleg tilfang på norsk i tida frå om lag 1350 til om lag 1500. I hovudsak gjeld det brev med eit rettsleg innhald i vid tyding av ordet. Ved å kombinera kvantitative observasjonar med eit nærare tekstleg studium av overlevert tilfang er det søkt å komma attom det reint kvantitative forhold synest å seia om nedgang og forfall. Ein slik tekstbasert studie av skrift synest å gjera oppfatninga av forfall mindre sikker. Det som her er kalla ein litterariseringsprosess, synest å ha gått sin gang seinmellomalderen igjennom også i norsk samanheng - trass i fråvere av sentrale riksskapande institusjonar. Arbeidet kan såleis også på visse måtar sjåast som eit framhald av boka Riksstyring og språknorm utgjeven av same forfattar på Novus forlag i 1986.
Show More
Hagland, Jan Ragnar: Literacy i norsk seinmellomalder